VESTLANDETS HISTORIE er den første verkelege landsdelshistoria som blir gitt ut i Noreg. I tre bind tek verket for seg samanbindande tilhøve og samhandling i landsdelen gjennom tidene, men òg motkrefter i form av lokale ulikskapar og spenningar. Vestlandet blir sett både innanfrå og utanfrå i forhold til resten av landet og ei større omverd. Det første bindet, NATUR OG NÆRING, handlar om samspelet mellom naturvilkår og næringsdrift i landsdelen gjennom tidene. Sjøvendinga frå første stund med fiske og fangst, etter kvart sjøfart, og i nyaste tid havbruk og olje- og gassutvinning har heile tida vore sterk, også etter at mykje av samferdsla er flytta over til land og luft. Likevel var landbruket hovudnæringa gjennom tre fire tusenår fram til 1800-talet. Frå midten av dette hundreåret slo industrien rot, og Vestlandet er i dag industrilandsdelen i Noreg. I sysselsetjinga dominerer likevel no offentleg og privat tenesteyting.For admin. Saft v / kont bokkasse nr 146.
Produkt kode | HELT 4184 |
Lagerbeholdning | 1 |
Tilstand | - |
Vekt | 1.8kg |